Tilrår heimeisolasjon for elevar og tilsette som kan ha blitt smitta med koronavirus

Fylkeskommunen kjem med koronaråd til elevar og tilsette.

DEL

– Har du den siste tida vore i område med korona-smitte eller i kontakt med nokon som var smitta og sjølv har symptom på smitte, tilrår me at du tar heimeisolasjon og kontaktar fastlegen per telefon, skriv Vestland fylke i ei pressemelding.

Fylkeskommunen påpeiker at dersom ein følgjer råda til Folkehelseinstituttet, kan fastlegen gje sjukemelding utan oppmøte.

Dei som ikkje har vore på reise eller i kontakt med korona-smitta, blir tilrådd å møta på arbeid og skule som vanleg.

Vestland fylkeskommune har vel 6.000 tilsette, og det er 22.000 elever i den vidaregåande skulen i fylket.

Artikkeltags