Tilrår at Vitemeir-senteret på Kaupanger blir regionalt

MODERNE: Slik skal ViteMeir-senteret på Kaupanger sjå ut.

MODERNE: Slik skal ViteMeir-senteret på Kaupanger sjå ut. Foto:

Forskingsrådet tilrår at Vitemeir blir eit regionalt vitensenter.

DEL

– Me ventar statstilskot minst på nivå som dei andre sentra, seier lokale partitoppar i ei pressemelding.

Forskingsrådet har no behandla søknaden frå ViteMeir, om å bli eit regionalt vitensenter, og tilrådinga til Kunnskapsdepartementet er klar: Vitemeir bør bli regionalt vitensenter, og del av tilskotsordninga for regionale vitensenter frå 1.1.2021.

– Ein lang søkjeprosess er endeleg stadfesta i eit formelt vedtak. Dette tykkjer me alle er ei skikkeleg gladnyheit, seier Trude Risnes, gruppeleiar for Venstre i Sogndal.

Opnar til hausten

Innan 1. juni skal bygginga på tomta på Kaupanger starta. Opning av ViteMeir-senteret skal etter planen skje neste haust.

I tillegg til skuleelevar er også barnehagar, familiar, turistar og næringslivet målgrupper for vitensenteret, som mellom anna skal by på opplevingar som utfordrar sansane.

Ventar støtte frå regjeringa

Venstre, Høgre og KrF har følgd Vitensenter-prosjektet tett, og både finansminister Jan Tore Sanner, parlamentarisk leiar i Venstre, Terje Breivik og stortingsrepresentant for KrF, Tore Storehaug er alle godt orienterte.

– Me forventar at regjeringa og stortinget sikrar finansieringa, slik Forskingsrådet tilrår, seier gruppeleiar for Høgre, Arne Glenn Flåten.

Lokalpartia har sendt felles innspel til regjeringa si budsjettforhandling.

– Forhandlinga i vår handlar sjølvsagt først og fremst om corona-krisa og unntakstilstanden me alle står i. Me reknar ikkje at dette blir teke tak i no, men vil bruka ulike høve framover, til å orientere breitt om prosjektet, seier gruppeleiar Frode Bøthun i KrF.

Dei gler seg alle over utviklinga i prosjektet og rosar initiativtakarar, partnarar og prosjektleiar for solid jobb.

– Forskingsrådet framhevar sterk lokal forankring, solid økonomi og svært gode planar for pedagogisk opplegg. Me har trua, dette må på plass, seier dei tre lokalpolitikarane.

Artikkeltags