Gå til sidens hovedinnhold

Tildelte æres-medlemskap til Sviggum

Artikkelen er over 2 år gammel

Sogndal idrettslag delte ut æresmedlemskap, SIL-pris og heidersteikn på årsmøtet.

Per Ingar Sviggum vart tildelt æresmedlemskap på Sogndal idrettslag sitt årsmøte 28. mars.Sviggum får æresmedlemskapet som tidlegare utøvar, trenar, leiar og framleis eldsjel i SIL, heiter det i ei pressemelding frå idrettslaget.Han tok tidleg leiarverv i SIL: i fotballgruppa, symjegruppa og skeisegruppa. Han har vore trenar i aldersbestemt fotball, og trenar for Sogndal sitt A-lag frå 1960 til og med 1977. Laget nådde cupfinalen i 1976. Han er også involvert i seniorklubben.SIL-prisen gjekk til G19-laget til Sogndal idrettslag fotball, med grunngjeving at dei vart noregsmeister og skandinavisk meister. Det var første gong eit norsk lag vann den skandinaviske turneringa.

 

Heider

Det vart også delt ut heidersteikn.Øyvind Rørvik får SIL sitt heidersteikn som utøvar, trenar og eldsjel i SIL. Han har vore aktiv i SIL sidan 60-talet, og har 40 kampar for Sogndal. Han har vore aktiv alpinist, og drive med friidrett og vore trenar i aldersbestemt fotball. No er han engasjert i turngruppa i idrettslaget.Oddny Anita Barsnes får SIL sitt heidersteikn for sin fortid som utøvar, og særskilt som eldsjel og sitt engasjement for handballen i SIL.- Oddny Anita er ei av dei som ikkje framhevar seg sjølv. Ho er den som legg til rette, organiserer og jobbar i det stille. Ho er ei av dei som gjer at SIL går rundt, heiter det i grunngjevinga.Ingrid Narum får SIL sitt heidersteikn som trenar og utøvar for SIL lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Ho har bronse i junior-NM 1998 og to meisterskapstitlar i junior-NM 2001. Same året tok ho sølv i junior-VM i Polen.

 

Ho debuterte i verdscupen i langrenn 8. mars 2000. Ho deltok totalt i 27 verdscuprenn, og hennar beste individuelle plassering var ein 8.-plass.2002 tok Ingrid gull i verdsmeisterskapen i U23 og sølv i sprint i senior-NM. Ho kom med på det norske landslaget for senior og tok 6.-plass i sprintverdscupen 2004. Etter at ho la opp og var i fleire år trenar i langrennsgruppa.Tonje Norheim Tangerud får SIL sitt heidersteikn for sitt engasjement som tillitsvald og trenar, og som utøvar for SIL lokalt, nasjonalt og internasjonalt.Ho hevda seg i den nasjonale toppen i utfor og super-G, og køyrde fleire E-cup- og World Cup-renn før ho etter ein skade i 1999 måtte leggja opp som aktiv utøvar. Ho tok gull i junior-NM i 1996, sølv i 1997, bronse 1998, og 4.-plass i utfor i senior NM.Internasjonalt vart ho nummer fire i far East Cup Fis i Sørkorea, og har ein 24.-plass i World Cup. Tangerud har vore krinstrenar i alpint i Sogn og Fjordane, og er no mellom anna trenar i alpingruppa og styremedlem i SIL.

Kommentarer til denne saken