Mange apotek, inkludert Vitusapotek Årdal, har hatt influensavaksinering i fleire år, men då med resept frå lege. Regelendringa som har gjeve farmasøytar rett til å rekvirera influensavaksine tredde i kraft 31. august, så no kan du bli vaksinert i apoteket utan å ha resept frå lege.

– Helsepersonalet vårt har fått grundig opplæring, både teoretisk og praktisk. No er me fire tilsette som er sertifiserte vaksinatørar. Me på Vitusapotek Årdal er derfor godt budde på å hjelpa alle i risikogruppa som ønskjer å vaksinera seg mot influensa no, seier Mette Karlsen Lilleby, farmasøyt og dagleg leiar ved Vitusapotek Årdal.

Alvorleg

Lilleby skriv i ei pressemelding at apotekene fyrst og fremst ynskjer å bidra til at vaksinasjonsdekningen i befolkninga aukar.

- Influensa kan vera ein alvorlig sjukdom, særlig for eldre og personar med kroniske sjukdomar som til dømes diabetes og hjartesjukdom. Influensa aukar også risikoen for lungebetennelse og dermed også bruken av antibiotika. I tillegg er det viktig å unngå dobbeltsmitte i år, altså unngå at ein både blir smitta av covid-19 og influensa.

Fram til 1. desember er det berre personar i risikogrupper og målgrupper som får ta influensavaksine.

Supplement

Det er kommunen som skal sørge for eit tilbod om influensavaksine til personar i risikogruppene, men apotekene kan være eit godt supplement, seier Lilleby.

– Det er mange som ynskjer å vaksinera seg før influensasesongen startar. Dei fleste apotek har lengre opningstid enn legar og kommunale tilbod, og dei ligg der folk flest ferdast.

Må betala

Ho gjer merksam på at også dei som er i risikogruppa må betala for vaksineringen i apotek.

– Vår røynsle er at ein del vel å betala sjølv, for å få teke vaksina raskt på ein enkel og trygg måte, utan å måtte bestilla time.

Munnbind

På grunn av korona har apoteket innført ekstra smitteverntiltak i forbindelse med årets vaksinering. Du kan derfor bli bedt om å ta på munnbind. Apoteket er nøye med å desinfisera overflater som berøres av kundar. Og alle må hugsa på å halda avstand.

– Dersom du føler deg sjuk, skal du ikkje komma inn på apoteket. I disse dagar er det spesielt viktig å hugsa på dette. I tillegg er feber eit teikn på at immunsystemet alt jobbar med å slå ned ein infeksjon. Vaksinasjon må i slike tilfelle utsetjast.

Godt budde

Før vaksinenering må du svara på nokre spørsmål, mellom anna for å avklara om du er i risikogruppa som kan få vaksina no. I tillegg må alle som tek vaksina venta på apoteket i minst 20 minuttar etter at vaksina er sett.

– Me som helsepersonell har også eit spesielt ansvar for å begrensa smittespreiing. Apotektilsette møter alle typar kundar, både dei som har kroniske lidingarr og dei som kan vera smitta av influensa. Derfor tek me også influensavaksina.