Kommunar med høgt smittepress bør vurdera om det framleis skal vera raudt nivå lokalt. Det melder regjeringa. no i ei pressemelding måndag.
– Gult nivå er det tiltaksnivået skulane er best kjent med, men eg har forståing for at det kan vera krevjande å byta frå raudt til gult nivå. Nokon skular treng litt tid til å planleggja dette og kommunar har behov for å vurdera nivået som er riktig opp mot den lokale smittesituasjonen, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.
Høgskule og universitet
Regjeringa anbefaler at universitet, høgskular og fagskular held fram med digital undervisning der det er mogleg, men at studentar i område med låg smitte bør få høve til fysisk undervisning i mindre grupper minst ein gong i veka.
Det bør framleis ikkje gjennomførast større førelesingar.
Der vert opp til studiestadane, saman med helsestyresmaktene, å vurdera kva og kor ange studentar som kan få fysisk undervisning, heiter det i pressemeldinga.
Kommentarer til denne saken