Til sjukehus med luftambulanse

ULUKKE: Motorsykkelføraren skal ha vore aleine i ulukka mellom Hella og Hermansverk måndag. Vegen er stengd.

ULUKKE: Motorsykkelføraren skal ha vore aleine i ulukka mellom Hella og Hermansverk måndag. Vegen er stengd.

Politiet kjenner ikkje årsaka til MC-ulukka, men førar er sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

DEL

SISTE: Politiet har oppretta sak etter trafikkulukka mellom Hermansverk og Hella.

– I samband med ulukka vil føraren av MC-en bli meld for ikkje å ha gyldig førarkort for tung MC, seier operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt måndag ettermiddag.

Singelulukke

Politiet melde klokka 11.19 måndag om ei trafikkulukke på Sognefjordvegen mellom Leikanger og Hella.

Det skal vera ein motorsyklist som er involvert, opplyser politiet på Twitter.

– MC-føraren skal vera åleine i ulukka, det er ikkje andre køyretøy eller personar involvert, opplyser operasjonsleiar Mjelde klokka 11.38.

Til Førde med luftambulanse

Naudetatane rykte ut til ulukka, som skjedde vest for avkøyrselen til Grinde, i underkant av 5 kilometer frå Hermansverk sentrum. Føraren, ein ung mann, blei frakta bort med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Politiet har ikkje informasjon om skadeomfang eller hendingsforløp.

Vegen var stengd ei tid etter trafikkulukka og det var kø i begge retningar. Ved 12.15-tida er vegen opna att.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken