Til legesjekk etter kollisjon med gjerde

Bilen vart totalvrak.

DEL

Vest politidistrikt har fått fleire meldingar om utforkøyringar fredag kveld.

Klokka 23.10 fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt i eit gjerde ved Loftesnesbrui i Sogndal.

– Bilen vart totalvrak. Førar kom seg ut og klaga over vondt i brystet. Det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand og føraren vart køyrd i ambulanse til legesjekk, opplyser Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Artikkeltags