– Me får beskjed om at steinen er på cirka ti tonn og dekker ein tredel av vegen, seier trafikkoperatør Christer Eide til BT.
Raset og vegstenginga vart ikkje varsla på Twitter, i strid med det som er vanleg. BT var blant avisene som likevel fanga opp hendinga.
Klokka 19:18 opplyste entreprenøren på staden at steinen var fjerna.
– Vegen er opna, fortel trafikkoperatør Jenny Nilsson til Sogn Avis.