Therese er blant domarane som er tekne ut til talentgruppe

TALENT: Therese Figved frå Studentspretten er éi av åtte domarar som er tekne ut til talentgruppe.

TALENT: Therese Figved frå Studentspretten er éi av åtte domarar som er tekne ut til talentgruppe. Foto:

Fotballkretsen har plukka ut åtte talent dei vil satsa ekstra på i 2020.

DEL

NFF Sogn og Fjordane har plukka ut domarane som skal vera med i deira talentgruppe det komande året.

Desse er Therese Figved (Studentspretten), Torgeir Heimdal Aase (Vik), Vegard Aa. Albretsen, Fredrik Stavø (Kaupanger), Jonas Sande Mossestad (Førde), Sivert Orheim (Florø), Elias Roko Eide (Jølster) og Andreas Ytredal Akse (Hyksedal).

– Talentgruppa består av unge og talentfulle domarar som får ekstra oppfølging frå domarrettleiarar på utviklingstiltak i regi av krets. Uttaket er gjort ut frå ei vurdering av potensiale, samt oppfylte krav til fysikk og teori. NFF Sogn og Fjordane ønskjer å få fleire domarar opp på eit høgare nivå, og talentgruppa er eitt av tiltaka for å nå dette målet, opplyser fotballkretsen i samband med uttaket.

Artikkeltags