I løpet av natta har politiet loggført 145 oppdrag Vest politidistrikt.
50 av dei handlar om ordensforstyrring, støy og festbråk.
- Politiet hadde ikkje kapasitet til å rykka ut på alle desse, heiter det på Twitter.
Sett vekk frå ein slostkamp i Florø, er det i hovudsak Bergen og området rundt som er åstaden for alle hendingane.
Veldig mange av dei går ut på slagsmål, høg musikk og mykje fyll - ikkje ulikt det ein gjerne omtalar som heilt "Texas".
- Ja, dette var ille, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, når han studerer loggen etter seinsommarnatta i vestlandshovudstaden.
- Dette er ikkje noko me ser kvar helg. Det har generelt vore enormt mykje folk ute i natt, det er ikkje slik at det er berre studentar.
Det har vore fulle bussar, fulle bybaner, fulle utestader og fulle heimefestar, slår han fast og legg til at politiet handterer det dei greier.
- Det er nok ein del som har ringt oss, men som ikkje er komne gjennom på grunn av alle telefonane.
Politiet har ikkje kapasitet til å handtera alt, det må bli ei prioritering,og då kjem liv og helse først, seier Hausvik.