Gå til sidens hovedinnhold

Testa positivt for korona i Lærdal

Ein ny person har testa positivt for koronaviruset i Lærdal. Dette er ein av fire positive testar som Helse Førde fann laurdag då dei analyserte 115 prøver. Dei andre smitta vart testa i Kinn kommune.

Lærdal kommune melder på nettsida si at smittekjelda er kjend, og utløyser ikkje ny smittesporing.

Det er for tida ingen innlagde pasientar med covid-19 i Sogn og Fjordane.

Kommentarer til denne saken