Gå til sidens hovedinnhold

Testa 229, fann ingenting

Tysdag blei det analysert 229 koronaprøver, ingen av dei var positive, melder Helse Førde onsdag morgon.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å senda koronaprøver som dei har teke. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men kun resultat frå dei prøvene som er analysert hjå Helse Førde.

Per tysdag var det ein innlagd pasient i Helse Førde med stadfesta koronasmitte.

Kommentarer til denne saken