Saman med Frank Kjetil Olsen frå dåverande Senja tingrett, gjekk han til søksmål etter at jordskifterettane dei var leiarar for vart nedlagde.

Det overordna temaet har vore kva rettar og plikter domstolsleiarane har som vart til overs etter samanslåing av tingrettar.

Helleland har hatt to saker på gang mot staten, den eine vart det forlik i for nokre månader attende.

Han gjekk til sak mot staten. No er dei einige om ein avtale

Den andre er den som var til ankebehandling no nyleg.

I fjor tapte dei i tingretten og no har Hålogaland lagmannsrett behandla anken med same resultat. I søksmålet sette dei fram krav om at dei ikkje kan «påleggjast nytt embete». Samstundes kravde dei å behalda tittel, løn, pensjon og same lønsutvikling som om tingretten dei leia ikkje var blitt nedlagt.

Men heilt utan arbeidsplikt for resten av yrkeslivet. Med andre ord full leiarløn og null arbeidsplikt.

Rett24 skriv at den sentrale anførselen har vore at forflytningsforbodet i Grunnlova paragraf 22, som beskyttar domaren sin sjølvstende, er til hinder for at Helleland og Olsen kan påleggjast «eit nytt embete utan domstolleiarfunksjon og underlagt ein anna domstolsleiar instruksjonsmynde».

Hålogaland lagmannsrett er ikkje samd. Retten meiner det vil vera eit trugsmål mot domaren sin sjølvstende dersom det ikkje skulle eksistera ein rett og ei plikt til å arbeida som dommar etter at reforma gjorde leiarstillinga overflødig.

Vil anka

Det er LO-forbundet NTL som har køyrd saka for dei to tidlegare domsstolsleiararne og dei har ifølgje Rett24 varsla at dommen vil bli anka til Høgsterett.

NTL meiner at det er viktig at domstolsleiarar har eit embetsvern, og at embetsvernet også omfattar embetet som domstolsleiar.

– Lagmannsretten sin dom betyr at fleste domstolsleiarar må forholda seg til at dei ved framtidig omorganisering ikkje har embetsvern for domstolleiarrolla, seier advokat Rune Lium som saman med Nina Kristiansen Wærnhus har representert Olsen og Helleland til Rett24.