Dei siste 60 år har Leikanger Mannskor hatt Palmerevy palmehelga før påske. I år måtte dei avlysa fem framsyningar på grunn av korona og det gjev eit samla tap på mellom 300.000 og 400.000 kroner.
– Dette er den viktigaste inntektskjelda vår og er det som gjer som gjer det mogleg å ha dirigent, fortel styreleiar Ole Ingar Hæreid i Leikanger Mannskor i ei pressemelding.
I fleire veker no har ikkje koret fått øvd på grunn av dei tiltaka som styresmaktene har sett i verk. Hæreid er redd for at korona-krisa både går ut over kvaliteten og rekrutteringa.
Kjem sterkare att
– Arrangementa våre er viktig marknadsføring når me skal rekruttera nye medlemmer. Utan arrangement og øvingar bli det vanskeleg å driva rekruttering. Samstundes brukar mange kor og amatørrevyar som oss profesjonelle kulturmedarbeidarar, som t.d. instruktørar, musikarar og lys og lyd når dei lagar arrangement. Det er folk som er heilt avgjerande for at amatørane får til gode framføringar. I den situasjon me er kome i no blir det eit dobbelt tap, både for oss og for dei me hyrar inn og har desse inntektene som levebrød.
– Me har jo sagt at me kjem sterkare att til hausten med ein oppsetting. Men går ikkje det, så er det viktig at det ligg føre ein kompensasjonsordning som monnar for mannskoret til liks med andre i same situasjon
Også på nasjonalt nivå er bekymringa stor. Styreleiar Bjørgulv Vinje Borgundvåg i Norsk musikkråd fortel at dei har hatt stor pågang den siste tida frå kor, korps, orkester og andre lag som slit for tida. Han seier at det no hastar med å få i gang tiltak slik at musikklivet ikkje får ein varig knekk.
– Kompensasjonsordninga Stortinget har vedteke for den frivillige innsatsen er ikkje nok, seier Borgundvåg i pressemeldinga. Han meiner det er naudsynt med ei krisepakke til landets kor, korps, orkester og alle dei andre laga i det frivillige musikklivet.
– Når situasjonen blir normal, skal me ikkje berre ha noko å leva av. Me må også ha noko å leva for. Det må gjerast noko no slik at musikklivet kan koma seg på fote att når dette er over.
Nær 500 avlyste arrangement i Vestland
Norges Korforbund organiserer 4950 korsongarar i Vestland fylke. Generalsekretær Åsmund Mæhle fortel at kora har avlyst til saman 498 arrangement i fylket i vår. Han er redd for at fleire kor går dukken som følgje av korona-tiltaka.
– Ordninga Stortinget har vedteke dekkjer ikkje dei tapte inntektene frå dugnadsinnsats som blir avlyst som følgje av korona. Eit anna problem er at potten som er sett av, er altfor liten.
Den skal delast på hele kulturlivet, idretten og anna frivillig innsats, og dermed blir nok berre ein liten del av tapa dekte.
Grunnmuren i det frivillige musikklivet er i ferd med å slå sprekker på grunn av koronakrisa. 6730 frivillige musikklag i Norge tapar stort desse dagar. De samla tapa er estimert til ein milliard kroner ifølgje Norsk musikkråd.
– Det hastar med tiltak for å hindra at musikklivet får ein varig knekk, seier Borgundvaag i Norsk musikkråd. Ordninga som er vedteke så langt ikkje nok. Det er naudsynt med ein krisepakke til landets kor, korps, orkester og alle de andre laga i det frivillige musikklivet, for å hindra kroken på døra for mange av laga.