(NPK-NTB) Onsdag kveld får Bergens Tidende opplyst at ti personar er koronasmitta etter å ha vore på Ekstremsportveko.

Ingen av dei fem er busette på Voss, men bur i ulike kommunar på Austlandet.

– Me veit at Bergen, Oslo, Trondheim, Gran, Bærum og Lillestrøm er affiserte, seier, kommuneoverlege Eystein Johannes Hauge til avisa

Dei smitta har reist tilbake til heimkommunane sine, så den primære smittesporinga går føre seg der.

– Det er innanfor ei lita idrettsgrein. I den gruppa har det vore ein tilreisande indekspasient frå ein kommune austpå, som har leidd til fleire smittetilfelle, seier kommuneoverlegen.

Han opplyser at det er snakk om deltavarianten.

Ekstremsportveko vart arrangert frå 27. juni til 4. juli.