Talet på kollektivreisande stuper – taper over 100 millionar

NEDGANG: – Me har altså ikkje eksakte tal, men alt tyder på ein kraftig nedgang i talet på kollektivtreisande over heile Vestland på minst 70 prosent, seier Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss/Kringom i Vestland.

NEDGANG: – Me har altså ikkje eksakte tal, men alt tyder på ein kraftig nedgang i talet på kollektivtreisande over heile Vestland på minst 70 prosent, seier Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss/Kringom i Vestland. Foto:

Talet på kollektivreisande i Vestland har gått ned med minst 70 prosent etter utbrotet av koronaviruset.

DEL

Det opplyser Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss/Kringom i Vestland.

– I bergensområdet har me automatisk passasjerteljing. Statistikk frå denne tyder på at me har ein passasjernedgang på over 70 prosent på Bybanen og på eit utval sentrale bussliner i Bergen, skriv Dreyer i ei melding.

Større

Ho legg til at dei ikkje har automatisk passasjerteljing i distrikta i Hordaland og på Kringom sine bussar i Sogn og Fjordane.

– Men me ser av observasjonar og billettsal at det er stor nedgang. I tillegg er det slik at store delar av rutetilbodet i distrikta er transport til og frå skulane. Så med stengde skular er nedgangen i distriktet truleg enno større.

– Me har altså ikkje eksakte tal, men alt tyder på ein kraftig nedgang i talet på kollektivtreisande over heile Vestland på minst 70 prosent. Talet er truleg endå høgare samla sett.

STOR NEDGANG: Me har ein nedgang på kollektivreisande på 70 prosent, seier Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss/Kringom. Her på bybanen i Bergen.

STOR NEDGANG: Me har ein nedgang på kollektivreisande på 70 prosent, seier Ingrid Dreyer, pressekontakt i Skyss/Kringom. Her på bybanen i Bergen. Foto:

Ber om hjelp

Tapet i reine billettinntekter for Vestland er rekna til 90 millionar kroner. I tillegg kjem 15 millionar kroner i bortfall av kommunal delfinansiering av skuleskyssen. På landsbasis er tapet rekna til 861 millionar kroner så langt.

Kollektivtrafikkforeningen skriv i ein e-post til Kommunaldepartementets statsrådar og statssekretærar at det er ein kritisk situasjon for bransjen.

– Me risikerer at store deler av verdikjeda i bransjen går over ende og ikkje kan bidra med samfunnskritisk viktige tenester verken gjennom krisa eller etterpå, skriv Kollektivtrafikkforeningen.

Organisasjonen ber departementet om signal over helga for korleis kollektivbransjen kan hjelpast gjennom denne kritiske perioden ved å dekka opp inntektstap, slik at alle aktørane og hele verdikjeda står rusta til å ta fatt på det viktige samfunnsoppdraget dei har også etter denne krisa.

Artikkeltags