Visit Sognefjord synte fram destinasjonen til i turoperatørar frå ti forskjellige land i eigenprodusert digital sending.

Der det før vart nytta mykje tid og ressursar og ikkje minst store reisebudsjett på å reise ut for å selja Sognefjorden, sparar ein ekstremt mykje gjennom digitale visingsturar.

Ti land

Ein når ut til potensielle kundar og turoperatørar med nokre få tastetrykk. Og det som ventar sjåarane er eit spesielt tilpassa direktesendt webinar.

– Ei slik sending er berekraftig på alle måtar. Me sparar miljøet, pengar og tid. Dessutan når me ut til alle marknader på ei og same tid. I denne sendinga me hadde no, var det deltakande turoperatørar frå ti land og fleire verdsdelar, der temaet var den viktige haust og skuldersesongen til reiselivet kring Sognefjorden, seier salssjef i Visit Sognefjord, Benedicte Elisabeth Stedje, i ei pressemelding.

Først i landet

Visit Sognefjord var mellom anna først ut i Noreg, med digital visingsturar under Pandemien, allereie i juni 2020.

– Erfaringar gjort sidan då, syner kor viktig det er å kunne snu seg rundt og ha gode digitale løysingar som er spesielt tilpassa marknaden, forklarar Heidi Hauge reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

– Me har hatt eit stort fokus på å digitalisere salstiltak og marknadsføring dei siste åra. Ein prosess me starta for over to år sidan. Der me under pandemien nytta tida til å ha fokus på at det kom ei tid også etter. Og nådde då effektivt ut i den internasjonale marknaden med eigenproduserte, ja kall det gjerne TV-program om du vil.

Spesielt tilpassa

I destinasjonsselskapet sitt første digitale webinar sendt ifrå green screen studioet på Campus i Sogndal, var fokuset hausttilbod, vandring og sykling.

– Haust og vår, som er skuldersesongar blir viktigare for kvart år. Det er til dømes fleire av våre medlemsverksemder som står på kanten til å kunne ha heilårsdrift. At me med effektive digitale grep kan nå breitt ut til turoperatørar slik som no kan og vil vera utslagsgjevande for fleire på sikt. Me er svært stolt av at den første sendinga frå Campus gjekk so bra, der Visit Sognefjord står fram på ein profesjonell måte. Det likna faktisk litt på vêrmeldinga i TV2, smiler Hauge.

Enormt potensial

Sjølv med gode presentasjonar og flotte bilete frå Sognefjord-regionen så ligg det eit større alvor bak det heile, hevdar Benedicte Elisabeth Stedje.

– Reiselivet har missa mykje kompetanse med nedbemanninga under pandemien. No ser ein det er eit stort behov for å læra opp nye tilsette hjå turoperatør-selskapa over heile verda. Det tek også tid for fleire å byggja opp økonomien. Det er mange som ikkje har råd å reisa ut på visningsturar. Der meiner me at Visit Sognefjord sitt webinar frå studioet på Campus, dekkjer dette behovet perfekt i stor grad, seier Stedje.

Meir Sognefjord

Responsen var særs god blant turoperatørane som var påmelde det første webinaret. Det var deltakarar ifrå mange land rundt om i verda, lengst vekk var Indonesia.

– Det er godt me endeleg er i gang, dette har eg sett fram til lenge. Med dyktige kollegaer som vertskap og filmprodusent, vart sendinga ein stor suksess tilbakemeldingane frå sjåarane var umiddelbare. No følgjer me dei opp enkeltvis, og ein skal ikkje sjå vekk frå at fleire av dei dukkar opp neste haust. Dette skal me gjera mykje meir av framover, konkluderer Heidi Hauge.

Ho opplevde ein svært effektiv og målretta måte å møta potensielle kundar på.

– Ei skreddarsydd sending med film og stillbilder me møter turoperatørane der dei er. Dei tek seg ein kaffikopp og brukar 30 minutt saman med oss og får sett Sognefjorden frå si beste side.