Onsdag klokka 12.30 vart Gudvangatunnelen på E16 stengd.

– Det er ein syklist midt i vegen. Og det går seint i motbakken. Dette er trafikkfarleg så tunnelen er stengd, melder politiet som er på veg til staden.

Tunnelen opnar så snart syklisten er ute.

Politiet melder kl. 13.10 at dei har køyrt syklisten ut av tunnelen, og at vegen no er opna att. Syklisten får eit forenkla førelegg frå politiet for sykkelturen inne i fjellet.