KREV MEIR FØREBIUNG: Sykkelferie er kjekt for heile familien, men krev litt ekstra førebuing. (Foto: Trygg Trafikk)

Sykkelferie med ungane?

Å ta sommarferie på sykkel kan vera kjekt for heile familien. Men det krev ekstra planlegging når ein skal ha med born og ungdom på sykkeltur.

Publisert 19.07.2019 kl. 09.00.

Paal-Gunnar Mathisen, distriktsleiar i Trygg Trafikk Østfold har lagt bak seg mange mil på sykkel, både med og utan born.


Tryggleik først

- Sykkelferie er ein fantastisk fleksibel måte og feriera på, men det er viktig å setta tryggleiken i førarsetet før de dreg ut på tur, både når det gjeld utstyr og trafikken, seier Mathisen.


Kvar ein dreg på tur ly ein og tenkja litt ekstra over når born skal vera med.


- Ta og omsyn til borna når de planlegg ruta, slik at øktene ikkje blir for tøffe.


Høyr på foreldra

Å reisa på sykkelferie krev ei viss forståing for trafikk og evna til å halda fokus. Større born kan gjerne sykla sjølve, men det er viktig at de snakkar i saman og øver på å sykla i trafikken før avreise. Born treng rettleiing frå vaksne for å forstå kva som krevst for å kunna sykla sikkert. Vel gjerne strekningar med lite trafikk, her kan og borna få prøva seg på å sykla i front, men førebu gjerne barnet på at dei lyt høyra etter når de gjev beskjedar.


- Er det mykje støy og aktivitet i trafikken vil det vera krevjande å halda fokus. Dette er noko me vaksne kjenner godt, men for born og ungdom er det ekstra krevjande sidan dei har mindre kapasitet til å bearbeida informasjonen. Difor er det viktig å setja tydelege og sikre rammer for korleis de skal sykla i saman på tur, seier Mathisen.


Sykla i utlandet

Foreldre bør heller ikkje stola for mykje på si eiga erfaring når det er snakk om å sykla i eit anna land. Det er for eksempel forbod mot å sykla på fortau og i gågater i dei fleste andre land, med unntak av Noreg og Island. Det er lurt å setja seg inn i reglane som gjeld for syklande der de skal. I Danmark er det jamlege kontrollar retta mot syklistar, noko som kan verta dyrt om du bryt reglane.


Kan ungen sykla sjølv?

Større born kan godt sykla sjølve, men pass på at sykkelen er i god stand og tilpassa barnet. Skal mindre barn vera med er eit sykkelsete eller ein sykkeltilhengjar med plass til ein eller to ungar ein god ide. Det er viktig at barnet kan sitja sjølv før det sitt i eit sykkelsete. Ei sykkelvogn kan gje betre komfort og meir bagasjeplass om det er nødvendig. Set gjerne ein vimpel bak på sykkelvogna så den vert meir synleg. Og hugs at ei sykkelvogn er breiare og lengre enn sykkelen.


- Du sikrar deg sjølv og borna dine best mogleg på sykkel ved å passa på at utstyret er i orden, og ved å nytta det riktig. Og hugs alltid sykkelhjelm. Byrjar de med hjelm når barnet er lite så vert det ei god vane, seier Mathisen.


Trygg trafikk sine beste råd for ein sikker sykkelferie med barn


  • Alle syklar skal vere i god stand og tilpassa den som skal sykle. Dekka bør pumpast opp og bremser, kablar, hjul og kjede skal vere smurt og justert. Lys og refleksar skal virka og brukast. Det er ei god investering å ta service på sykkelen før avreise, slik at sykkelen er i tipp topp stand før de dreg.

  • Sørg for at sykkelhjelmen passar og sit riktig. Dessverre er det i dag framleis mange som ikkje bruker sykkelhjelm eller bruker hjelmen feil. Sykkelhjelmen skal dekke panna og strammast rundt hovudet så den ikkje sit laust. Ta alltid av hjelmen på barn før leik. Kanskje bør de investere i ny hjelm før de dreg på tur. Dagens hjelmar kan gje betre beskyttelse enn hjelmane som var på marknaden for 5-10 år sidan.

  • Planlegg turen med saman med barna. Barn har ikkje same evne til å orientera seg i trafikken som vaksne. Gjennom å førebu dei på ruta de skal sykla kan de snakka om ulike situasjonar og laga avtaler om korleis de skal sykla saman.



  • Følg bruksrettleiinga for å montera sykkelsete eller sykkelvogn riktig og pass på at vekta ikkje overstig. Barn som sit i sykkelsete eller i sykkelvogn skal ha sitt eige sete, sitja fastspent og bruka hjelm. Pass godt på at barnets føter eller hender ikkje kan koma inn i hjula eller i klem andre stader.

  • Gå av sykkelen og trill dersom trafikksituasjonen er uoversiktleg. I område med mykje trafikk og menneske kan det vera det lurt å gå av sykkelen og gå et stykke for å unngå truande situasjonar. Det er viktig å gjera sykkelferien til ei god oppleving for borna og det er ingen vits i å ta nokon sjansar.


Les meir om: Nyhende Reiseliv