Sygnir har prøvd ut systemet i haust, og er no klare med eit nytt varslingssystem. Føremålet er å raskt kunne spreia informasjon om kvar og når straumstans skjer, samt gje høve for kundar til å følgja med på utviklinga kring når straumen kjem tilbake, skriv Sygnir på sine nettsider.

– Dette betyr at me når meir effektivt ut med kommunikasjon, samstundes som at me får frigjort meir tid til å fiksa problema som kan oppstå, seier avdelingsleiar for distribusjonsnett i Sygnir Vidar Øvretun.

Måndag var det straumbrot i Vik, der fleire hundre kundar ei stund var utan straum. Der kunne ein sjå på den nye kartløysinga tal kundar og kva område som var ute, og korleis dette endra seg undervegs.

SMS og kart

Systemet har to hovudfunksjonar. Kundar av Sygnir får push-varsling på SMS, anten det gjeld uventa straumutfall eller planlagde utkoplingar. I tillegg kan dei følgja med på Sygnir sitt nye straumkart på nettsida, som kontinuerleg vil kunne gje ei oversikt over kva område som er med eller potensielt utan straum.

– Dette ser me på som ein solid oppgradering frå å primært informera via Facebook og vår vakttelefon. No når informasjonen ut til dei som treng det med berre eitt tastetrykk, og kundane sjølv kan følgja med ved å klikka seg inn på lenkja og sjå på kartet, seier Øvretun.

Han legg til at det framleis er ønskjeleg at folk ringjer inn – dersom ein har melding om farlege forhold eller annan viktig informasjon som kan føra til at straumen kan koma att raskare.

Når ut til fleire

Driftskonsulent Per Olav Opheimshaug har også vore med i arbeidet med å få i gang det nye varslingssystemet som er del av ei større oppgradering på driftssentralen. Han fortel at det framleis vil koma noko informasjon ut på andre kanalar også.

– Ved større hendingar er det hausta erfaring frå andre nettselskap at avisene fangar opp informasjonen i straumkartet og formidlar denne til sine lesarar. Sidan det først og fremst er huseigarane som får SMS-varsel, vil det seia at det er ein risiko for at ikkje alle som kan vera råka av straumbrot får varsel. Når media fangar dette opp i tillegg trur me det blir ein god dekning til brukarane også via deira kanalar.

Opheimshaug legg til at det også er ein prosess i gang med å få oppdatert at kundar står registrert med rette opplysningar og telefonnummer.