Svensk sjåfør fekk mykje å svara for

Publisert 10.07.2018 kl. 18.27.

 


Ein svensk lastebilsjåfør fekk mykje å svare for etter ein kontroll på Håbakken tysdag.


Sjåføren vart meld til politiet for ikkje å stoppa for kontroll, for manglande yrkessjåførkompetanse og for ikkje bruka sjåførkort i fartsskrivar.


I tillegg hadde ikkje transportfirmaet han jobbar for løyve for å utføra godstransport på veg, samt eit dekk var utslitt.


Totalt var det 102 køyretøy innom plassen som vart vurdert visuelt og på vekt. Av dei ni køyretøya som vart plukka ut til meir omfattande kontroll, var det litt av kvart som måtte ordnast før dei fekk køyra vidare.


Ein kviterussisk sjåfør for eit litauisk transportfirma vart meld til politiet for manglande vekekvile.


Ein ukrainsk sjåfør i estisk transportfirma vart meld til politet for svært mangelfull lastesikring. Her var alle lastesikringsstroppane lause og mykje av lasta hadde forskyvd seg til begge sider.


Les meir om: Nyhende Notis