Fotballnettsida fotbolldirekt.se skriv at Sogndal er nære ved å signera den 23 år gamle midtbanespelaren Seth Hellberg frå Syrianska.

Svensk media: - Sogndal i ferd med å signera midtbanespelar

Den 23 år gamle midtbanespelaren Seth Hellberg er på veg til Sogndal.

Publisert 10.01.2019 kl. 15.31.

Det melder den svenske fotballnettsida fotbolldirekt.se.  Avisa skriv at Hellberg snart blir presentert som Sogndal-spelar.


Hellberg har sidan 2017-sesongen spelt for Syrianska etter overgangen frå Brommapojkarna. 


I Syrianska vart han raskt ein nøkkelspelar, og med sine ni mål i fjorårssesongen bidrog han sterkt til at laget rykte opp til Superettan, den nest høgaste divisjonen i Sverige.


Sogn Avis har ikkje lukkast å få kommentarar frå Sogndal Fotball, men etter det Sogn Avis kjenner til er Sogndal sitt hovudmål for vinterens overgangsvindauge å få på plass ein pasningssikker sentral midtbanespelar.


Siste saker Gå til framsida