Svært glatte vegar - buss og personbil kolliderte

Dei to kolliderte i 80-sona på Indre Hafslo onsdag ettermiddag.

DEL

Vest politidistrikt melde at ingen vart fysisk skadde. Det var kun førar i personbilen, og airbag vart utløyst. I bussen var det tre personar.

Det var ein mindre lekkasje på staden, og det danna seg køar på begge sider, før politiet fekk dirigert trafikken om gamlevegen og Lambhaug.

Personbilen stod på tvers i vegbana, og sperra for trafikken. Årsaka til ulukka er ikkje kjend. Bussen har køyrt vidare, og bilbergar har henta privatbilen. Vegen er no open for fri ferdsel.

Vegtrafikksentralen melder om svært glatte vegar i Luster.

Artikkeltags