SKOGADALSBØEN: Stadig fleire finn vegen til DNT-hyttene landet over. Skagadalsbøen i Jotunheimen er mellom dei som har hatt størst vekst i år. (Foto DNT/ Monica Hägglund Langen)

Supersommar i fjellheimen

Den Norske Turistforening melder om besøksrekord på hyttene og stadig aukande medlemstal.

Publisert 02.08.2018 kl. 12.34. Oppdatert kl. 13.52.

Totalt hadde dei betjente hyttene over 65.000 overnattingar i juli månad, noko som betyr ein vekst på heile seks prosent samanlikna med same månad i fjor.
Samstundes viser statistikkane at medlemstalet har auka med 2,3 prosent mot same tid i fjor.

 

MONSEN-EFFEKT: At folk gjerne vil gå i fotspora til Lars Monsen kan vera ein mogleg årsak til veksten, trur DNT. (Foto: DNT/Marius Dalsegg Sætre)

Viktig for mange

- Dette er ei fantastisk utvikling og ei stadfesting av at friluftsliv er ein viktig del avsommareferien for mange.
Ikkje minst syner medlemstala at stadig fleire vil støtta det arbeidet DNT gjer for å leggja til rette for og skapa naturopplevingar, seier Nils Øveraas, genralsekretær i ei pressemelding.

Dei hyttene som aukar mest er Fanaråkhytta, som er den høgstliggjande hytta i landet, 2068 meter over havet.
Her har veksten i talet på overnattingar vore på 71 prosent, eit ørlite steinkast framfor Skogsdalsbøen, som ser ein auke på 70 prosent.

 


Monsen-effekt

Både Fanaråkhytta og Skogadalsbøen har fått mykje merksemd i samband med Lars Monsen og turfølgjet hans då NRK sende «Monsen minutt for minutt» frå Jotunheimen.

- Det kan henda me her ser ein «Monsen-efekt», trur Jan Erik Reitan, leiar for avdeling for hytter og ruter i DNT Oslo og Omegn, foreninga som eig dei fleste av dei betjente hyttene.

Også hyttene i Skarvheimen har hatt god auke, så som Finsehytta, Aurlandsdalen Turisthytte Østerbø (41 prosent) og Geiterygghytta. (56 prosent).

 


100.000 nye medlemmer

Den Norske Turistforening har no over 304.000 medlemmar, der over 100.000 av dei har meldt seg inn sidan starten av 2017.

- Noreg har sterke friluftstradisjonar og byr på variert natur året rundt. Men medlemsveksten er først og fremst eit resultat av den store innsatsen som vert lagt ned av frivillige landet over for å skapa aktivitet, halda hyttene ved like og merka 22.000 kilometer med stiar, meiner generalsekretær Øvreaas.