Støy frå bilar uroa nattefreden i Sogndal

Publisert 07.09.2019 kl. 08.04.

Klokka 01.28 natt til laurdag fekk politiet melding om om bilar som uroa nettefreden i Sogndal.


- Det var tre-fire rånebilar som køyrde rundt og tuta med horna på riksveg 55 på Stedjesida. Slikt kan fort føra til sjenanse for bebuarane i området, i all fall på denne tida av døgnet. Då politiet kom til staden litt seinare var det ingen bilar å sjå, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.


Les meir om: Nyhende Notis Politi

Siste saker Gå til framsida