Gå til sidens hovedinnhold

Studentar kan søkja ekstra lån og stipend

Fredag kan dei første studentane søkje om ekstra lån og stipend

Nokre dagar etter at Stortinget vedtok nye økonomiske tiltak for studentane, får dei fredag tilbod om å søkje tilleggslån på 26.000 kroner.

10.400 kroner av lånet kan seinare bli gjort om til stipend.

– Dei første tilboda blir no sende ut til studentane, og dei som søkjar, vil raskt få pengar på konto. Det betyr mykje for dei studentane som har mista inntekt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Lånekassen byrjar fredag å sende ut e-postar om moglegheit til å søkje om tilleggslånet puljevis, og studentane kan søkje så fort dei har fått e-posten, opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

– Dei som søkjar, må fylle ut ei eigenmelding som stadfestar nedgang i inntekt i perioden 16. juni i fjor til 15. juni i år på grunn av koronapandemien. Dei vil seinare bli bedne om å dokumentere dette. Lånet blir utbetalt over eit par dagar etter at avtalen om støtte er signert, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bjerke i Lånekassen.

Kommentarer til denne saken