– Ein ny rapport frå vitskapleg råd for lakseforvaltning viser at det, trass i ein markant reduksjon i det haustbare overskotet i 2021, var nok laks i elvane til å sikre god reproduksjon, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

I 2021 fastsette direktoratet nye reglar, som innebar at moglegheita for å fiske i sjø vart betydeleg redusert, samtidig som det i mange vassdrag ikkje lenger vart lov å fiske. Bakgrunnen for innstrammingane i sjølaksefisket var dårleg kontroll på kva enkeltbestandar det blir fiska på, og at ein dermed risikerer overfiske av sårbare bestandar.

– Laks, sjøaure og sjørøye er ein avgrensa ressurs, og difor må vi regulere fisket. Målet for lakseforvaltninga er å bevare og bygge opp att bestandane, slik at vi sikrar mangfaldet innan artane på lang sikt, og kan utnytte eit eventuelt overskot, seier Hambro.

Andelen laks som overlever den fleire tusen kilometer lange vandringa i havet, er meir enn halvert dei siste 30 åra. Rapporten frå vitskapeleg råd for lakseforvaltning viser dei største truslane mot villaks er rømt oppdrettslaks, lakselus og infeksjonar knytt til fiskeoppdrett.

(©NPK)