Gå til sidens hovedinnhold

Streik kan råka elevar på vidaregåande

– Sjølv om streiken blant bussjåførane vert utvida frå førstkommande laurdag, vil undervisninga halde fram som normalt ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Det seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.

Alle bussjåførar i Vestland, Trøndelag, Rogaland og Finnmark og deler av Nordland og Kristiansand vil bli tekne ut i andre streikeuttak frå laurdag morgon, om ikkje partane vert einige før den tid.

Ikkje dispensasjon for skulekøyring

– Dette er ein lovleg streik som vil innebera at busstilbodet i Vestland vert stansa. Det vert ikkje gjeve dispensasjon for skulekøyring, noko som inneber at mange elevar ikkje kjem seg til skulen ved ei mogleg utviding av streiken, seier Lyngedal i pressemeldinga.

Også dei elevane som nyttar seg av vanleg rutetilbod vil merke at bussane ikkje kjem. Bybanen er ikkje omfatta av streiken. Lyngedal oppmodar elevar som kan gå eller sykla til skulen om å gjera det, eller finne anna transportløysing utan å bryta gjeldande smittevernreglar for skuleskyss.

Må melde frå til faglærar

Elevar som må vera heime grunna manglande skuleskyss vert bedne om å melda frå til faglærar slik at det kan leggjast til rette for arbeid med oppgåver. Elevane kan ikkje forventa å få videoundervisning som følgje av manglande skuleskyss.

Elevane som ikkje kjem seg til skulen på grunn av streiken vil ikkje få fråvær.

Lik praksis

– Fram til laurdag følgjer me med på om konflikten vert løyst, eller om det vert gjennomført ei utviding av streiken til òg å gjelde Vestland. Dei fleste vidaregåande skulane i heile Noreg føljer lik praksis, som er at undervisninga skal skje på skulen. Så vil me sjølvsagt følja med på utviklinga og korleis situasjonen vil bli for elevane i Vestland, dersom det skulle bli streik, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland.

Kommentarer til denne saken