STREIK: FK-butikken på Skei i Jølster er råkaav streiken. (Illustrasjonfoto: Google Maps)

Streik i Felleskjøpet

350 tilsette er tekne ut i streik landet over.

Publisert 17.09.2019 kl. 07.46.

Her i fylket er det førebels tilsette ved Felleskjøpet Jølster som er tekne ut i streik. Over 350 tilsette ved til saman 37 avdelingar av Felleskjøpet Agri er no i streik over heile landet, etter at forhandlingane mellom arbeidsgjevarforeningen Spekter og arbeidstakarorganisasonen Negitoa braut saman hjå Riksmeklaren.


Står om rettigheiter

Negotia-rådgjevar Anne-Lene Gabrielsen seier det er rettigheiter for medlemmane foreninga er opptekne av. Det gjeld mellom anna full løn under sjukdom og svangerskapspermisjon og fødsel, gruppelivsforsikring, tillegg for sein arbeidstid og helligdagstillegg.

- Dei krava som er stilt, vil ikkje kosta arbeidsgjevaren ei einste krone meir, det handlar om at medlemmane får beholda dei rettane dei har, seier Gabrielsen.

Så langt er det ikkje komme signal om at tilsette ved FK-butikkane i Sogndal, Lærdal, Førde, Nordfjordeid, Sandane og Styn vert råka.


Siste saker Gå til framsida