Sogn Avis fekk fleire tips om at store delar at Vik sentrum var utan straum måndag føremiddag. Legesenteret i Vik var blant dei som mista straumen.

På Sygnir oversikt over straumstansar stod det at 621 bustadar i Vik er utan straum klokka 10. Klokka 10.20 var talet nede på 471 som framleis er utan nett.

Klokka 10.42 melde Sygnir sitt straumkart at alle hadde fått straumen tilbake.

- Det stemmer. No har me seksjonert ut den strekninen som er feil på, og kome oss rundt han, seier avdelingsleiar for nettuvikling Vidar Øvstetun til Sogn Avis.

Dei har enno ikkje fått undersøkt kabelen.

- Men me har kobla ut delstrekningen, og har kontroll. Det skal ikkje vera meir blinking i lysa no.

Jobbar for å få straumen tilbake

Årsaka til utkoplinga var ein feil på kabelnettet, sa Øvretun til Sogn Avis rett etter stansen.

– Me jobbar med å kopla rundt for få inn at det som er friskt. Me veit ikkje kva som er gale, sa han litt før halv 11.

Han skisserte at innan ein halvtime skulle alle som var direkte kopla til feilen ha straumen tilbake.

– Men det er berre mine spekulasjonar. Dei som er direkte råka kan vera utan straum lenger.

– Men ein kan nok oppleva litt blinkande lys, sa han.

Dei trengde mindre enn 20 minutt før alle hadde straumen tilbake.

– Det ser mørkt ut

Sogn Avis-journalist Kristin Forland sa klokka 10.30 at straumen kom raskt tilbake på legesenteret og sjukeheimen i Vik.

– No har dei fått datamaskinene opp å gå att på legesenteret, seier ho.

Ho held fram med at det var nokre utelys som lyste elles, men at det for det meste såg mørkt ut i husa rundt.