Rett før rentebeskjeden frå Noregs Bank torsdag fekk Sparebank 1 undersøkinga om korleis nordmenn handterer auka renter og prisar.

Her kjem det fram at nesten tre av fire har gjort eitt eller fleire tiltak i år for å handtere stigande prisar og auka renter.

– Det viser jo at dei aller fleste er førebudde på kostnadsaukane som kjem. Undersøkinga viser at mange har allereie byrja å ta ned forbruket fordi utgiftene stig og rentene aukar. Førebels ser det ut til at folk klarer å handtere dyrtid og høge renter, men det er ei utfordring at prisveksten og renteaukane har komme både kraftig og raskt, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 til NTB.

Halvparten av dei spurde har redusert straumforbruket, medan rundt ein av fire har utsett eller droppa større innkjøp, kutta i matutgiftene eller redusert i utgifter til ferie og reiser.

Burde frykte renta

Blant dei spurde er det dei med bustadlån som er mest bekymra for i privatøkonomien sin akkurat no, men det er ikkje høgare renter som er skumlast. 52 prosent er bekymra for dei høge straumrekningane, 46 prosent for dei høge matprisane, medan 41 prosent er bekymra for dei høge rentene.

– Eigentleg bør alle med bustadlån vere mest bekymra for renteutgiftene. Den kostnadsauken utgjer veldig mykje meir enn auka matutgifter, og for straumutgiftene har vi fått på plass så gode ordningar no. Så det er lånekostnadene som vil svi mest, særleg for dei som har høgt lån samanlikna med inntekta si. Det rammar, sjølv om ein får frådrag på skatten for rentene, seier Gundersen.

Tek grep

Forbrukarundersøkinga er gjennomført av Respons Analyse for Sparebank 1 i perioden 15.–22. september med eit landsrepresentativt utval på 1069 personar. Gundersen seier det ser ut til at dei fleste klarer seg, førebels, og at mange heldigvis allereie har teke medvitne grep for å kutte i utgiftene.

– Mange har sett at dei blir nøydde til å gjere noko – og gjer det allereie no. Det er den omstillinga som er vanskeleg. Det er nok tøft for mange å klare å kutte i forbruket like raskt som utgiftene stig, og renta er dobbelt så høg no som for to år sidan. Folk er dessutan klar over at ho skal opp endå meir, og det vil treffe hardt. Det er dei førebudde på. Eg tenkjer folk gruer seg litt, seier han.

Han seier det blir ekstra tungt for dei som forsørgjer barn åleine, utan nokon å dele utgifter med, og må handtere prisauke på mat, bensin, straum og lån på toppen.

Gjeldfrie pensjonistar

– Når vi ser på undersøkinga, er det gjerne pensjonistar, særleg dei med lite eller ikkje noko lån, som er minst bekymra, og viss pensjonistar er bekymra for nokre utgifter, er det som oftast straumprisen, seier Gundersen.

I befolkninga generelt er det éin av seks som ikkje er bekymra for privatøkonomien sin akkurat no. Blant pensjonistar er andelen meir enn dobbelt så høg.

– 35 prosent av dei over 67 år er rett og slett ikkje spesielt bekymra.

(©NPK)