Høgre-representant Noralv Distad tok i Vestland fylkesting denne veka til orde for å kartleggje kraftpotensialet i vassdraga på nytt, også dei som er verna. Distad grunngir forslaget med både kraftforsyning og verdiskaping og peikar dessutan på dei gunstige effektane reguleringa kan ha for flaumsikring.
Då Framstegspartiet og Senterpartiet i mai foreslo å revidere dei verna vassdraga i samband med ny kraftutbygging, sa likevel resten av Stortinget nei til det. Men Frp har ikkje tenkt å gi seg med det.
– Vi treng meir kraft. Det beste er å byggje ut meir vasskraft, og då må vi også sjå på dei verna vassdraga, seier Frank Sve (Frp) i energi- og miljøkomiteen til NRK.
I verneplanen er kraftpotensialet i dei 300 verna vassdraga i Noreg anslått til rundt 42 TWh, litt under tredelen av forbruket i dag. Medan produksjonen i eit normalår er på rundt 150 TWh, ventar Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) eit forbruk på om lag 159 TWh i 2030. Statnett reknar med eit forbruk på 172 TWh.
I Hurdalsplattforma seier regjeringa at dei vil «auke norsk vasskraftproduksjon, blant anna ved å oppgradere og fornye eksisterande vasskraftanlegg.» Regjeringa ønskjer også å setje ned ein energikommisjon og stimulere til «grøne investeringar i vasskraft».
Naturvernforbundet ser med uro på at fleire no vil leggje vekk verneplanane.
– Dette blir som å tisse i buksene for å halde varmen. Vi kan ikkje sikre oss mot klimaendringane ved å øydeleggje meir urørt natur, seier nestleiar Synnøve Kvamme i Naturvernforbundet til NRK.
(©NPK)