Straumbrot i Sogndal sentrum

Publisert 14.01.2019 kl. 10.12.

Rett for klokka 08.00 vart det mørkt i Sogndal sentrum frå Gravensteinsgata og ned til fjorden. Gatelysa i sentrum gjekk og.


Politihuset og rådhuset er to av bygga som vart råka.


- Dette var ein forbigåande feil. Det var mest sannsynleg på grunn av vind og snø, men det veit me ikkje, seier vakthavande i Sognekraft.


Han fortel at dette er noko dei helst vil unngå, men at denne gongen var brotet udramatisk.


- Denne gongen var me på rett plass til rett tid, og la straumen inn igjen etter nokre minutt.


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida