– Det er ikkje heilt slutt på nattestenging, me har noko ekstraarbeid som treng trafikkavvikling. Men entreprenøren har sagt at i løpet av maksimalt 14 dagars tid skal me vera heilt ferdige, seier byggjeleiar Hans Myklatun i Statens vegvesen.
Oppgraderingsarbeidet i dei to tunnelane på E16 i Lærdal starta 22. februar 2021. På dagen to år seinare, altså onsdag, overleverte entreprenøren Mesta tunnelane til Statens vegvesen.
– To år var også frist for ferdigstilling, så det har gått akkurat etter tidsplanen. Me hadde håpt å vera ferdige litt før på eit tidspunkt, men testinga tok tid, seier Myklatun.

Her står 28 store lysmaster på heile lyse dagen, midt under straumkrisa

Dette fungerte som E16 med fri flyt før Vegvesenet slo kontra. – Det korka seg første timen
Nattestengt vekedagar
Tunnelane har vore nattestengt vekedagane mellom klokka 20 om kvelden og 6 om morgonen – anten begge to eller ein av dei. Då har det vore styrt trafikkavvikling, eller kolonnekøyring, på fylkesvegen rundt tunnelane nettene gjennom med avgangar stort sett kvart 30. eller 40. minutt.
– Det blir køyrt på same måte som det har vorte gjort no fram til det er heilt ferdig, opplyser Myklatun.
Oppgraderingsarbeidet som er gjort er for å tilfredsstilla EU sine tunneldirektiv – altså dei same krava som gjer at mellom andre også Fodnestunnelen og ikkje minst Lærdalstunnelen må oppgraderast.
Totalrenoverte
Det vil seia at Seltatunnelen og Borgundstunnelen er totalrenoverte, og alt av elektrisk og styringstekniske installasjonar er skifta ut. Begge tunnelane har blant anna fått montert armatur med LED-lys og det er montert LED- rømmingslys. Utanfor tunnelane er det bygt nye tekniske bygg og inne i tunnelane er det nye tekniske rom med rundt 100 meters mellomrom.
– Kontraktssummen var på 142,5 millionar, me ligg ganske bra i løypa der. Det er ikkje snakk om noko overforbruk, men litt ekstraarbeid som ikkje låg inne i kontrakten, opplyser Myklatun.