TEK OPP PSYKISK HELSE BLANT UNGE: Olaug Søvde Berg er konferansier for «Smerta ein ikkje ser». (Foto: Henning A. Hellebust)

Står opp for dei som har det tøft

Røde Kors Ungdom vil hjelpa dei som slit psykisk. Neste veke arrangerer dei konferanse om ung psykisk helse i Førde og på Nordfjordeid for å gje håp og innsikt.

Publisert 07.11.2019 kl. 21.00.

- Dette er så viktig. Me ser at det er alt for mange unge som slit ein del med den psykiske helsa.


Usynleg smerte

- Difor treng dei at nokon står opp for dei og snakkar om dette temaet, seier Olaug Søvde Berg i Røde Kors Ungdom.


Måndag 11. november og tysdag 12. november skal ho stå på scena og leia konferansen «Smerta ein ikkje ser» i storsalen i Førdehuset og på Operahuset i Nordfjordeid.


- No driv eg og puggar korta mine, slik at eg kan sjå utover publikum når eg snakkar. Eg pleier ikkje vera særleg nervøs, så viss eg har kontroll på mitt, så skal det nok gå bra, seier førdianaren, som for tida går på Øyrane vidaregåande skule.


Konferansen er open for alle, men spesielt inviterte er ungdom, lærarar, politikarar og andre som arbeider med ungdom og psykisk helse.


Håp og hjelp

Føremålet er å gje håp for dei som slit, og innsikt til alle som er rundt og kan hjelpe, anten som ven, familie eller fagperson.


Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri vil snakka om kva me ser og kva me gjer i møte med unge som slit.


Forandringsfabrikken er og med. Dette er unge som deler erfaringar frå eigne tøffe opplevingar eller periodar i sitt eige liv og gjev råd om korleis ein kan møta menneske med liknande problemstillingar.


- Som konferansier på «Smerta ein ikkje ser» får eg høve til å visa at eg er ei som bryr meg og gjerne vil hjelpa dei som slit. Eg oppmodar alle om å møta opp og få innsikt, og syna at dei vil støtta dei som treng det, seier ho.


Arrangør er Sogn og Fjordane Røde Kors Ungdom sitt distriktsråd, som består av aktiv Røde Kors-ungdom frå heile fylket.


Les meir om: Nyhende Helse