Større sjanse for stor vårflaum i år

KAN BLI FLAUM: Sjansen for at det blir stor vårflaum er større enn normalt mange stader i landet.

KAN BLI FLAUM: Sjansen for at det blir stor vårflaum er større enn normalt mange stader i landet. Foto:

Det er i år større sannsynlegheit enn normalt for stor vårflaum mange stadar i landet.

DEL

Det gjeld alle landsdelar med elvar som kjem frå indre strok, melder NVE i ei pressemelding.

I Sør-Noreg gjeld det først og fremst elvar som har ein stor del av dreneringsområdet over 500–700 moh.

Startar truleg i slutten av april

– Sannsynligheita for stor vårflaum er aller størst i Nord-Noreg, med opp mot 90 prosent sannsynlegheit. Men også i resten av landet er det i mange av de store innlandselvane større sannsynlegheit enn normalt for stor vårflaum, seier Inger Karin Engen, hydrolog ved flaumvarslingstenesta i NVE.

Stor vårflaum vil seia flaum på oransje nivå. Det vil alltid vera utsikter til flaum på raudt nivå, men NVE sine berekningar viser at denne sannsynlegheita er lita. Unntaket er større elvar i indre strok i Nord-Noreg.

Storleiken på vårflaumen og når det kjem er avhengig av vêret. Mest sannsynleg start på vårflaumperioden i dei større vassdraga er frå slutten av april i Sør-Noreg, og frå midten av mai i Nord-Noreg.

– Men me kan ikkje sjå bort frå at vårflaumen kan starta litt tidlegare. Det er også scenario som indikerer at vårflaumen kan nå toppen så seint som i slutten av juni og byrjinga av juli, seier Engen.

Rekordmykje snø

Snømengdene er det viktigaste grunnlaget for å seia noko om sjansen for stor vårflaum. På landsbasis er 2020 det mest snørike året sidan 2000, så langt.

NVE har berekna snømengder for heile landet, basert på nedbør- og temperaturdata frå Meteorologisk institutt, tilbake til 1958. Sidan den gong har det berre vore fem år med meir snø enn i år på landsbasis.

Artikkeltags