Gå til sidens hovedinnhold

Storøving i Lærdal: – Dei veit ingenting

Onsdag kveld vil det vera ei storøving i Lærdal med alle redningsetatane.

– Det blir mykje blålys, og vil vera veldig synleg for folk, seier Monika Lysne, leiar i Lærdal Røde Kors.

Noko anna enn at øvinga er i kveld, vil ho ikkje opplysa om. Det meste er nemleg hemmeleg, sjølv for dei som deltek.

– Dei veit ingenting. Dei veit at det er ei øving, men dei veit ikkje kva kvar det er og kva som er «caset», seier Lysne.

Kommentarer til denne saken