Store steinar rasa ned på rv 55 – vegen er stengd

Store steinar dundra ned i vegbana på riksveg 55 ved Ylvisåker, mellom Sogndal og Leikanger.

DEL

– Me fekk melding om raset for kort tid sidan, seier Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen til Sogn Avis klokka 15.45.

– Vegen er stengd og kjem til å vera det ei stund. Men kor lenge er vanskeleg å seie akkurat no.

Entreprenør er på staden. Geolog skal gjera undersøkingar i løpet av ettermiddagen.

Ingen personar eller bilar skal ha vorte treft av steinane.

Artikkeltags