Vest politidistrikt melder om ei bilulukke på E39 ved Sande i Sunnfjord natt til fredag. Ulukka skjedde om lag klokka tre ved krysset Sandevegen.

Det var berre føraren i bilen, han var våken og medviten etter ulukka. Det var store skader på bilen, alle kollisjonsputene var utløyste.

– Bilen skal ha køyrd heilt utfor vegen, ned ei klippe på fem meter og landa på ein gang og sykkelsti, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Firda.

Føraren, ein ung mann, melde sjølv frå om ulukka. Han hadde smerter i kroppen og vart transportert til Førde sentralsjukehus.