Odd-Ivar Paulsen er av dei som nyttar båt i jobbsamanheng og har funne litt av kvart i fjorden den siste tida.
– Neste gong er det ikkje sikkert eg ser dei, seier Paulsen om rekveden.
Kryssar fjorden i jobbsamanheng
Han jobbar i kroatiske Dalekovod som byggjer kraftliner mellom Aurland og Sogndal. No jobbar firmaet på Frønningen og Paulsen nyttar i blant båt til arbeidet.
– Den eine tømmerstokken var ganske stor, den ligg no på land i Lærdal. Stor takk til gutane på fraktebåten, som hjelpte til med å få denne i land, seier Paulsen.
Håpar fleire bidreg
Han håpar fleire tett ved fjorden bidreg til å få fjerna trestokkar frå fjorden. Å køyra på slikt kan medføra fare.
– Eg oppmodar alle om å prøva å plukka opp rekved, seier han.