Gå til sidens hovedinnhold

Store avvik i besøkstala for musea i sommar

Artikkelen er over 1 år gammel

Korona får mykje av skulda.

Som følgje av Covid 19-pandemien stengde Musea i Sogn og Fjordane for publikum i perioden frå 12. mars til 30. mai. Frå 1. juni vart dei fleste besøksarenaene opna att.

Besøkstala frå sommaren viser eit fall i samla besøk på 39 prosent i juni, juli og august samanlikna med 2019. Det er særleg friluftsmusea som er blitt hardt råka.

Sjå full oversikt lenger nede i saka

– Som følgje av den nasjonale stenginga i vår var det venta at dei samla besøkstala ville falla betydeleg. Men tala syner at sommaren ikkje vart så svak som me hadde frykta. Astruptunet har til dømes vore ein stor «hit» i sommar, seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane.

Samanlikna med juni, juli og august 2019 har Astruptunet hatt ein vekst på 89 prosent, medan Eikaasgalleriet har hatt 7 prosent vekst i sommar.

Meir nordmenn

Ifølgje Aa Berge har særleg ei gruppe besøkjande blitt meir toneangjevande.

– Me har hatt ein god del besøk av «Ressurssterke nordmenn i alderen 60+ som er på Noregsferie, seier han.

Sjølv om besøkstala ikkje vart så låge som først frykta trur han at det vil ta tid før dei samla tala kjem opp på same nivå som åra før.

– Usikkerheita knytt til Covid19, samt frykt for endra reisemønster for utanlandske turistar om sommaren, gjer at eg trur det kan ta eit par år før me når opp til besøkstalasom me hadde ved friluftsmusea frå tida før pandemien, spår han.

Fryktar ikkje for framtida

Men direktøren er ikkje redd for dei langsiktige konsekvensane av Covid 19 for den samla drifta ved Musea i Sogn og Fjordane.

– Musea har eit breitt og samansett samfunnsoppdrag. Samstundes har ikkje me i like stor grad vore eksponert for fall i billettinntekter slik som fleire museum i byane har erfart, seier han.

– Me har mange oppgåver å løysa, til dømes innanfor planverk, samlingsforvaltning, digitalisering av samlingar, samt vedlikehald og sikring av antikvariske bygg. Dette har me god dialog med Kulturdepartementet og Vestland fylke om, og dei støttar oss i å omprioritera ressursbruk til desse oppgåvene, seier Kjartan Aa. Berge.

Kommentarer til denne saken