Ein mann i 60-åra vart natt til fredag arrestert då ei rekke politiressursar rykte inn mot ei adresse i Hyllestad i Ytre Sogn.

Stein Rune Ø. Halleraker er operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Han skriv i ei pressemelding at politiet var væpna under aksjonen.

Bistand frå beredskapstropp

Nasjonale beredskapsressursar hjelpte til politiet under aksjonen.

– Det var ikkje grunn til uro for omgjevnadane, og aksjonen gjekk på ei konkret adresse, skriv Halleraker.

Mannen skal ha blitt arrestert utan dramatikk, skriv operasjonsleiaren vidare.

– Fornærma i sakene er teke vare på og er fysisk uskadd, skriv han.

Saka vil bli etterforska av politiet i Førde. Manner er sikta for brot på besøksforbod og forsøk på grov kroppskade.