Gå til sidens hovedinnhold

Stor oljelekkasje stengde tunnel

Oppdatert: Vegen opna for fri ferdsel klokka 22.05.

Fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol er stengd ved Geiteryggtunnelen, melder Vegtrafikksentralen måndag kveld.

Det går føre seg opprydjingsarbeid etter oljesøl, og dette kjem til å ta noko tid.

– Det er snakk om ein ganske stor oljelekkasje frå ein lift, så det er ikkje forsvarleg å køyra der enno. Entreprenør melder klokka 21 at det kan ta inntil to timar før vegen kan opna att, seier trafikkoperatør Katrina Kvåle.

Kommentarer til denne saken