3.–5. september går Bergen Matfestival, ein av Noregs største lokalmatfestivalar, av stabelen. Festivalen har blitt den viktigaste arenaen for presentasjon og sal av berekraftig kortreist mat og drikke i Vestland.

I år blir festivalen halden på ein annleis måte, tilpassa dagens smittevernreglar og i tråd med FHI sine anbefalingar, heiter det i ei pressemelding.

Om festivalen

Den alternative matfestivalen blir eit utvida lokalmatmarknad med unike festivalkonsept på fleire av byen sine restaurantar. Festivalen feirar mellom annan Bergen sitt 950-års jubileum og hyllar Vestlandsmaten. Under festivalen vil publikum få oppleva fantastisk mat, spennande kurs for heile familien, sidertog, restaurantarrangement og konkurransar, heiter det vidare i pressemeldinga.

– Matfestivalen er spesielt viktig i år sidan mange lokalmatprodusentar og restaurantar slit for å overleva. No inviterer me publikum med på ein ny, annleis, trygg og smakfull utgåve av Bergen Matfestival, der me feirar dei fantastiske råvarene frå regionen. På Bergen Matfestival inviterer me med restaurantane, produsentane og skapar liv i sentrum med mindre arrangement spreidd ut over heile byen, seier dagleg leiar for Mat-arena, Alexandra Krage Angell.

Med frå Sogn

Ei rekkje produsentar frå Sogn er med under festivalen. Desse er:

  • Alm gard frå Feios i Vik kommune. Produserer økologisk iskrem og skal stå på Fisketorget v/ Fish Me
  • Haugen Gardsmat frå Flåm i Aurland kommune. Skal halda kurset «Frå bein til burgar: Lær å bruka heile dyret». Morten Tungesvik frå «Bare Bergenske» skal saman med Odd Ohnstad frå Haugen gardsmat kursa om råvareutnytting og førebuings-teknikkar for å bruka heile dyret. Haugen Gardsmat skal også vera utstillarar på Bergen Matfestival der dei skal selja ferskt kjøt av lam, vilt, kjé, storfe og handmat.
  • Lomelde Gard frå Sogndal kommune. Plommer, morellar, bjørnebær, rips, pærer og kirsebær.
  • Undredal Stølsysteri. Kvit og brun geitost laga av eiga mjølk på eige ysteri.
  • Sogn Jord og Hagebruksskule.

  • Ciderhuset Balholm.