Gå til sidens hovedinnhold

Stoppa med stor diesellekkasje

Statens vegvesen kontrollerte køyretøy på Håbakken måndag. Eit vogntog hadde stor diesellekkasje ved motor, og fekk bruksforbod på grunn av det. Diesellekkasjen måtte ordnast før han kunne køyra vidare. Førar vart og meld for brot på køyre- og kviletidsreglane, der han hadde for lang dagleg køyretid.

Ei trekkvogn hadde sprukken frontrute, og det vart på same vogntog ilagt bombrikkegebyr for manglande bombrikke. Førar fekk i tillegg gebyr for ikkje å nytta bilbelte.

Eit vogntog var lasta utover lovleg lengde, og vart dermed ilagt bruksforbod inntil vogntoget var innanfor lovleg lengde. Det var og teknisk mangel for sprukken frontrute på dette vogntoget.

Kommentarer til denne saken