Stogga lastebil med farleg tilhengjar: – Hadde kome til å losna

KONTROLL: Statens vegvesen gjennomførte ein større kontroll på Håbakken søndag kveld. Til saman 116 køyretøy var innom stasjonen. Biletet er frå ein tidlegare kontroll. (Illustrasjonsfoto)

KONTROLL: Statens vegvesen gjennomførte ein større kontroll på Håbakken søndag kveld. Til saman 116 køyretøy var innom stasjonen. Biletet er frå ein tidlegare kontroll. (Illustrasjonsfoto) Foto:

Statens vegvesen skreiv ut gebyr for over 20.000 kroner i løpet av få timar.

DEL

Ein lastebil med tilhengjar vart teken inn til kontroll då Statens vegvesen oppdaga at ikkje alt var heilt slik det skulle med tilhengjarfestet.

Tilhengjaren var registrert med løyve til å frakta opp til 3,5 tonn, går det fram av rapporten.

Problemet var at tilhengjarfestet hadde svært alvorlege sprekkar ved innfestinga til ramma.

Meld til politiet

– Truleg hadde tilhengjardraget kome til å brotna frå ramma på køyreturen vidare til Bergen dersom ikkje bilen hadde blitt stogga på Håbakken, heiter det i ein rapport frå inspektør Bjarte Frækaland i vegvesenet.

Føraren av lastebilen måtte parkera tilhengjaren og eigaren vart meldt til politiet for å ha sendt ein trafikkfarleg hengjar ut på vegen, i tillegg til dårleg vedlikehald.


Eigaren hadde heller ikkje ordna med gyldig bombrikke i vogna og må betala eit gebyr på 8000 kroner vert det opplyst.

Gebyr for tusenvis

Til saman 116 køyretøy var innom kontrollplassen på Håbakken der vekt og dekkutrusting vart vurdert.

Av desse vart 15 plukka ut til vidare kontroll på grunnlag av overlast og tekniske årsaker.

Her vart ein norsk transportør pålagt eit gebyr på godt 6000 kroner, medan ein hollendar fekk 6500, begge på grunn av overlast.

I tillegg vart føraren av ein norsk varebil meldt for overlast på teknisk akselvekt og totalvekta.

Totalt vart det avdekkja såkalla skriftlege manglar på åtte køyretøy, medan fem fekk forbod mot å køyra vidare.

Til saman vart det skrive ut gebyr for 21.000 kroner under kontrollen, som fann stad på Håbakken i går kveld.

Artikkeltags