Stogga ikkje for kontroll - meld til politiet

Fleire førarar melde til politiet under kontroll på Håbakken onsdag.

Publisert 04.12.2019 kl. 15.14.

Førar av eit vogntog og føraren av ein lastebil blir melde til politiet fordi førarane ikkje stogga for skilta trafikkontroll.


Føraren av ein varebil blir også meld til politiet etter vektkontroll, der tillatt totalvekt var overskride med 800 kg.


Føraren av ein lastebil vart pålagt å gjennomføra døgnkvile før vidare køyring.


Les meir om: Nyhende Lærdal Notis Trafikk