Stogga bilførar etter mistanke om promille

DEL

Måndag morgon rundt klokka 05.00 fekk politiet melding om ein bil som køyrde vinglete og kom over i feil køyrebane i Stryn.

- Det var ein bussjåfør som låg etter ein varebil som melde frå. Politipatruljen rykte ut og bilen vart stogga ved Essostasjon i Stryn klokka 05.45. Bilføraren var mistenkt for å køyra med promille og teken med til legeavakta for blodprøve, opplyser operasjonsleiar Morten Rebnord ved Vest politisdistrik.

Politiet opprettar sak.

Artikkeltags