BLIR PROFF: Stine Hovland flyttar til Italia i neste veke der ho skal byrja å spela for A.C. Milan. (arkivfoto)

Stine Hovland til A.C. Milan

Landslagsspelaren bekrefta til VG i dag at ho byter klubb.

Publisert 15.07.2019 kl. 15.44. Oppdatert kl. 15.50.

Hovland forlèt Sandviken for å verta proff i Italia.


Flyttar neste veke

- Det er eg veldig fornøgd med. Eg har hatt seks fine år i Sandviken. Nå kom moglegheita til å oppleva noko ute, og eg føler tida er inne. Dei har gode fasilitetar. Det er eit eventyr, seier Hovland til VG.


Ho flyttar til Milano i neste veke.


Proff

Milan sitt kvinnelag enda på tredjeplass i sin første sesong i Serie A denne våren, bak Juventus og Fiorentina.


- Hadde nokon sagt at eg kunne leve av å spela fotball i utlandet for nokre år sidan, då hadde eg ikkje trudd på det. No kan eg konsentrera meg fullt om fotballen utan å jobba i tillegg. Eg gledar meg veldig til å bli kjent med ein ny kultur, seier Hovland til VG.


Les meir om: Sport Fotball