FIRDA: Svindlarar prøver å lure bankkundar med stadig meir utspekulerte metodar. Mange av kundane både i Sparebanken Sogn og Fjordane og andre bankar har den siste tida fått SMS-melding om at BankID er sperra. Meldinga er ikkje sendt frå banken, men frå svindlarar som fiskar etter passord eller kortinformasjon.

Travle dagar på jobb

Leiar for kundesenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane, Stine Austreim Olsen (28) frå Førde, fortel at det har vore travle dagar på jobb denne sommaren, med ein auke i førespurnader frå kundar som har fått falske tekstmeldingar som gjev seg ut frå å vere frå banken. Sms-ane vert sendt frå eit norsk telefonnummer til tilfeldige nummer.

Det står at om du trykker på lenka, så skal BankID-en bli oppdatert. Sjølv om dette ser tilforlateleg ut, så er det svindel. Opplegget vert kalla smishing, kriminelle fiskar etter personlege og hemmeleg informasjon som kan brukast til å svindle pengar. Det blir spurt etter telefonnummer og kva bank du brukar, av og til vert det spurt om personnummer og kodar. Informasjonen kan misbrukast til alt frå å ta opp lån til å tappe kontoar for pengar, og få kontroll over heile kundeforholdet ditt.

Er du ein av dei som har fått SMS om at BankID-en din er sperra? Ikkje trykk på lenka som følgjer med og slett SMS’en, seier Austreim Olsen.

– Dei aller fleste forstår at SMS-en er falsk, men dessverre ikkje alle. Nokre gongar er det personar som blir lurte av svindelopplegget. Når nokon trykkjer på lenka som ligg ved, hastar det å få sperra kort og BankID. Vi har eigne rutinar for kva vi gjer når vi får slike telefonar, seier Austreim Olsen.

– Veldig mange svindelforsøk

– Denne sommaren var det ein periode der 60 prosent av telefonane frå kundane våre handla om desse SMS-svindelforsøka. No har det roa seg litt, men vi oppmodar folk om å aldri trykke på slike lenker, seier Olsen Austrheim.

– Banken din vil aldri be deg om sensitiv informasjon, som passord, brukarnamn eller kortinformasjon. Du skal aldri dele passorda dine med nokon. Ikkje eingong med dei du kjenner, seier ho.

Ho fortel at dette er ein av fleire typar svindel som har kome i det siste. Det har over heile landet blitt meldt om liknande svindelforsøk der tekstmeldingane kom frå nokon som gav ut seg for vere frå Vipps og andre kjende merkevarer.

Det kan ofte vere svært vanskeleg å få att pengar som er tapt på ein slik måte.

(Artikkelen held fram under bildet)

– Meld til banken

Ho er klar på at om ein har trykt på ei falsk SMS-lenke og oppgitt personleg informasjon, så må ein kontakte banken snarast:

– Første steget er alltid å kontakte banken slik at vi får avdekka kva opplysningar ein har oppgitt, som igjen styrer kva ein skal gjere vidare.

Det er fleire avdelingar i banken som har eit tett samarbeid om svindelsaker, mellom anna fagmiljøa knytt til kort, BankID og IT-sikring.

– Vi på kundesenteret er førstekontakt, her sperrar vi kort og BankID når det trengst.

Stine understrekar at det er viktig å følge med på transaksjonane på kontoane, og ta kontakt med banken om det er beløp som går ut som ein ikkje kjenner til:

– Søk litt på kontaktinformasjonen til nettbutikken du ønskjer å handle frå, prøv gjerne ut om kontaktinformasjonen er reell. Og ver forsiktig med å bruke kortet på ukjende utanlandske nettsider.

Anropa vart fleire og fleire. Ragnheid skjønte då at ho var hacka

Eingongskode-app nytta til svindelforsøk: – Minst 23.000 forsøkt svindla